Skjold vant 4-1 over Ølen fredagkveld!
Forfatter: Eli Torpe-Rullestad
26. april 2013
Skjold var best frå start til slutt, men Ølen hadde sine sjanser. Les meir..
Her var laget som spelte mot Ølen:
Keeper:
Eivind T.E. Rullestad
Forsvar:
Morten Bådsvik
Håkon Andre Waage
Aleksander Nilsen (K)
John Hettervik
Midtbane:
Espen Helgeland
Rune Lindanger
Espen Vaka
Are Søderlund
Torleif Rullestad
Spiss
Christian Askeland
Res: Daniel Aarås - Hilberg Nemeth – Jonas Risanger
Det skulle gå 14 minutt før den fyrste STORE sjansen kom for Skjold. Espen V kjem gjennom på kanten, legg inn til Christian, Christian skyt, men keeper reddar. Keeper må gi retur, rett ut til Christian som får sin andre sjanse, men han skyt over!
No er Skjold i siget, og kun to minutter seinare er det Are som legg inn til Espen V som berre kan sette den elegant i mål, 0-1!! Men no skjer det i begge ender av bana. Ølen går i angrep, glir gjennom heile forsvaret og er aleine med keeper. Men Eivind gjer ei flott reding og set raskt i gang eit nytt angrep for Skjold. Det ender med frispark til Skjold på Ølen sin banedel. Kvem andre enn Espen går fram og skal ta det; kan han klare å score i dag og? Han skyt, men den må innom Are før den sit i mål - 0-2!!! Flott gjort av begge to.
Dei neste minutta har begge lag kvar sin store sjanse, men keeperane gjer jobben sin godt, og reddar det som er. Men i det 39.minuttet kjem ein Ølen-spelar seg fri og set ballen i mål. 1-2.
I det 42 minutt blir Espen V felt og ein Ølenspelar får det raude kortet, og frispark til Skjold. Ingenting ut av det denne gongen.
Rett før pause er det Torleif som legg inn, litt fram og tilbake framfor mål, men til slutt så er det Rune som set ballen i mål - 1-3!!!
Pause.
I 2.omgang er det Skjold som styrer kampen, og burde vel ha scora både 1 og 2 mål til. Men målet kjem ikkje før Are blir felt i det 85. minutt og straffe til Skjold. Espen V tek det og jada-sikkert i mål og 1-4!!
Fleir mål blir det ikkje, men ein artig kamp i Ølen der alle gutane presterte bra!