[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorer

Kick off!

Forfatter: Eli Torpe-Rullestad

31. mars 2014

Forside
News article image

Måndag 31.mars blir det kick off i Grinde. Alle fotballag sesongen 2014 vil bli presentert, og dei vil få utdelt flotte nye drakter.Les meir her!

Frå kl.18:00-20:00 vil det vere "opnet hus" i Skjoldhallen der me håper det kjem til å myldre av folk.

Me starter med presentasjon og fotografering av 7.- 9. års laga våre kl.18:00 og utover. Ca kl.18:45 blir det ein presentasjon av A-laget, for så fotografering av alle lag frå 7.- 9.år i lag med A-laget!

Så fortsett vi med presentasjon av resten av laga våre. Ferdig ca kl 20:00. Då er det A-kamp mot Vea.

Samtidig kan de ta turen innom kunstgraset og sjå gutt 13 år som serieopnar i Grinde, med 9'fotball kl.18:00.

Det blir open kiosk der du kan kjøpe litt kvelds, og Macron stiller med "butikken" sin der du kan få gode tilbod på treningsklær ol.

Håper mange tek ein tur innom!