[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorer

Håndballcupen 1.mai vart ein flott håndballdag!

Forfatter: Eli Torpe-Rullestad

08. mai 2013

Forside
News article image

21 lag var i Skjoldhallen og spelte 1.mai. Les meir..

Ein dag med surt ver ute, gjorde at det var ein flott dag å ha håndball inne!

Fyrste kamp starta kl.8:30 og siste var ferdig kl.19:30.  21 lag var i aksjon i Skjoldhallen denne onsdagen.

Dette var eit samarbeid mellom Skjold-, Stegaberg- og Falkeid il. Skjold styrte sitt i Skjoldhallen, mens Stegaberg og Falkeid hadde ansvaret i Sysco Arena og Tysværtunet.

Etter at laga hadde spelt sin siste kamp var det høgtidleg premieutdeling, noko som toppa ein flott dag for dei fleste ungane.

Ungane var fornøgde, dei vaksne koste seg, og me i Skjold il syns dette var gøy!

Og ikkje minst; tusen takk til alle dykk som stilte på dugnad denne dagen! Berre positive og blide mennsker gjorde at alt gjekk på skinner.