[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorer

Equinor Romjulscup

Forfatter: Henriette Goksøyr

07. desember 2018

Forside
News article image

Årets romjulscup for fotball blir søndag 30. desember

Skjold IL invitera til Equinor romjulscup i fotball den 30.desember i Skjoldhallen i Grinde. Påmelding til på mail: [email protected] .Påmeldinga skal innehalda lagnamn, namn på spillerane og tlf.nummer til kontaktperson.


Det blir en open klasse ,der både gutte-, jente-, og mixlag kan melda seg på. Aldersgrense(spelerar): VGS(2003)og oppover.

Cupen startar kl. 17.00, møt opp i god tid ,så slepp me å utsetta nokon kampar,
For kvar spelar som er med kostar det 100 kroner. Dersom nokon spelar på 2 lag, må dei betale 200 kroner. Man kan altså melda seg på fleire lag, men må betale for kvart lag(møtas laga til kamp, må ein avgjera påførehand kva lag ein skal spela på).



Generell informasjon:
- Me oppfordrar til fair play og held oss til vanlege fotballreglar.
- Alle lag blir delt opp i gruppespill der man spelar om plass i sluttspill.
- Kvar kamp varer 8 minuttar og man får 3 poeng for seier og 1 poeng for uavgjort.
- Max 8 spillerar pr. lag, og 5 spelerar på banen.
- Lag som ikkje møter taper 0-3.
- Påmeldingsfrist er torsdag 20.desember, pga. jula.

Det blir kiosksal.

For tilskodarar kostar det 20 kroner
Dette er eit alkohol og rusfritt arrangement.

Er det noko dokke lure på er der bare å ta kontakt.