Skjold J16 vann sin tredje seriekamp
Forfatter: Cissel Røgelstad
01. mai 2007
Skjold J16 vann fortent 3-1 over Vard på Grinde stadion tirsdag kveld. Dette var den forspilte kampers kamp. Skjoldjentene skapte sjanse på sjanse, men ballen ville ikkje mellom stegene.
Det var Skjoldjentene som kom best i gang og la press på Vard frå første stund. Det var fleire spelarar som prøvde seg på skudd i dag, og det er bra. Iselin var på hugget frå start, og hadde fleire gode skudd i første omgang. Anja var og på hugget, ho jobba iherdig på midtbanen og også ho prøvde seg fleire avslutningar. I dei første 20 minuttane var nesten ikkje Ragni borti ballen, og det sier sitt kor på banen spelet foregjekk. Sjøl om Skjold pressa og pressa og spela seg fram til mange gode målsjansar, var det nok ein gong etter ein corner 1-0 målet kom. May-Linn la flott inn på bakerste stolpe, og der sto Cecilie og heada den flott i mål. Det var då spelt ca 30 minutt.
I andre omgang var det og Skjold som var det førande laget. Jentene var aggressive og vann alle duellane. Vardjentene blei til tider utspelt. Sælig på Skjold si venstre side blei det rulla opp fleire gode angrep. Ida var stadig på løp, og la inn mange flotte ballar utan at det resulterte i mål. Midt i omgangen hadde May-Linn eit flott langskudd som keeperen redda, og Malin fekk returen. Uheldigvis traff ho tverrliggeren. Så etter ca 65 minutt fekk Skjold frispark midt på Vard sin banehalvdel. Marthe fekk eit flott treff, og ballen gjekk mellom beina på Vard sin keeper og i mål. Ikkje lenge etter kom det tredje målet \etter eit flott angrep. Malin klarte å spela seg fri og ta ballen med seg heilt til dølinja. Ho la flott inn føre mål og der sto Cecilie som satte ballen sikkert i mål. Så i siste speleminutt fekk Vard eit reduseringsmål, slik at sluttresultatet ble 3-1.
I denne kampen var Skjoldjentene absolutt best i alt. Dei vann alle duellane og dei var aggressive og oppi Vardjentene i heile kampen. Dei ga ikkje Vardspelerane fred, og lot dei ikkje få spela sitt spel. Når Skjoldjentene er slik på hugget, er dei ikkje gode å slå.
Så jenter: Slike kampar vil me ha fleire av.
Uheldigvis for oss så blei May-Linn skada, og er sannsynligvis ute i ein del veker.
I denne kampen kjempa alle jentene godt. Forsvaret klarte seg bra, midtbanen vann mange ballar, og spissane våre var på fleire gode løp.
Til slutt, takk til det flotte publikumet som klappa jentene av banen. Det fortente dei i dag.