Storseier til Skjold mot Nord
Forfatter: Eli Torpe-Rullestad
17. august 2013
7-1 til Skjold vart det til slutt. Les meir...
Troppen mot Nord var denne:
Aleksander A.Rossebø, Jonas Risanger, Bjørnar Hompland, Christian Askeland, Morten Bådsvik, Rune Lindanger, John Hettervik, Espen Helgeland, Tom Andre Hauge, Torstein Eike, Are Søderlund
Innbyttere: Eivind T.E.Rullestad, Sander Hettervik, Hilberg Nemeth, Sondre Bådsvik, Berge Ohm og Daniel Aarås.
Målscorere var: 0-1 Eike (3), 1-1 Larsen (7 - Nord), 1-2 Helgeland (20), 1-3 Hompland (39), 1-4 Lindanger (52), 1-5 Aarås (66), 1-6 Helgeland (86) og 1-7 S. Hettervik (88 på straffe)
Skjold starta bra og scora allereie etter 3 min etter eit hjørnespark frå Rune. Torstein er fyrst på ballen og header den flott i mål.
Men det går kun 7 min før Nord svarer - ein Nordspelar kjem seg igjennom forsvaret til Skjold og set ballen enkelt i mål.
Etter dette styrer Skjold det meste, og etter 20 min er det Espen som scorar sitt fyrste for dagen, eit flott mål og 1-2!
Nord har og sine sjanser i denne perioden med skot både i tverrligger og stang, men dei får ikkje satt den. Istadenfor er det Bjørnar som får sitt fyrste mål for Skjold denne sesongen, med ei flott heading i mål (etter frispark frå John) 1-3!.
Skjold på si side kunne og ha laga fleire mål, men laga går til pause med 1-3.
Andre omgang blir som den fyrste der Skjold styrer det meste, mens Nord har sine sjanser som dei ikkje greier å sette.
Skjold scorar sitt fjerde med skot frå Rune, Daniel har kome inn og scorar det femte (to fine mål!), og så er det Espen som gjer som han pleier når han skal ta frispark; skot rett i mål! 1-6.
Sander får avslutte målfesten ved å ta straffe. Den set han sikkert i mål, og kampen ender altså 1-7!
Skjold starta med eit rutinert lag, men i løpet av kampen fekk alle 17 prøve seg på bana.
Best i dag var Torstein, men alle på Skjold gjorde ein bra jobb i dag!