Juniorgutane fekk revansje mot Avaldsnes og vant 5-2.
Forfatter: Eli Torpe-Rullestad
24. april 2014
Etter to sure tap i vinterserien var det Skjold som var best i går.Les meir her!
Laget: Eivind T.E.Rullestad, Ali A.Saleh, Håvard Larsen, Jonas Staurland, Mathias Vik, Mats Steinsland, Ole Johan Skare, Sander Hettervik, Sindre Herland, Sondre Bådsvik, Vebjørn Rullestad, Svein Kristain Vierdal, Youssif A.Saleh, Roald Berge og Håkon Bådsvik.
Kampen er i gang i flott ver på Avaldsnes.
Etter to min er det Sindre som "stjel" ballen frå ein uheldig keeper i Avaldsnesmålet, gir den vidare til Ali som set den enkelt i opent mål. Ein knallstart på kampen!
Ikkje lenge etter er det Sindre sjølv som får avslutta; 2-0.
Men spelet var jevnere enn resultatet viser. Avaldsnes hadde sine sjanser dei og, men Skjold rydda enkelt og greit opp framfor eige mål. Dette vart resultatet til pause.
Etter pause var det Avaldsnes som scora det fyrste målet, men Skjold var kjapp med å svare og like etter stod det 3-1 til Skjold. Dette målet var det ein Avaldsnesspeler som satte i eige mål.
Skjold hadde full kontroll det meste av tida og 4-1 var det Mats som stod for. Gjekk aleine gjennom og satte den sikkert i mål.
Avaldsnes gir seg ikkje, og får sett eit mål til. Men då vil Håkon (for dagen som utespiller) vise at han og kan score mål, og set inn 5-2 mot slutten av kampen.
Etter to sure tap i vintercupen var gutane klar på at denne kampen skulle dei vinne. Og det gjorde dei!