[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorer

Juniorane vant 6-1 over Ølen i NM-kvalik-kamp!

Forfatter: Eli Torpe-Rullestad

06. mars 2013

Forside
News article image

Les meir...

Troppen: 

Eivind T.E.Rullestad, Daniel Aarås, Even Lønning, Halvor Hansen, Jonas Risanger, Knut Alfred Kringeland Eriksen,  Mandius Vårvik, Steffen Helgeland, Vebjørn Mortveit, Vegard Steinsland, Victor Erdal, Vegard Seime, Ali Amir S, Kjartan Håland og Knut Eirik Kringeland

Ølen starta best og det var eit ørlite Ølen-trøkk dei fyrste 8 min.  Dette endte i ei scoring til Ølen etter litt "ball" i forsvaret vårt. Dette tennte gutane og plutseleg var det Skjold som var laget som pressa på.  Men det skulle gå heile 25 min før dommeren dømte mål (Knut Alfred hadde eit fint mål etter 18.min, men det vart ikkje godkjent) Mandius med eit flott skot etter perfekt forarbeid! Halvor slo fyrst ein langpassning opp til Victor, som så elegant "chippa" den inn til Vegard som stussa den videre til Mandius; 1-1!

Etter 30 min kjem Mandius seg gjennom og er aleine med målet, men på mirakuløst vis går den utanfor. Skjold fortset presset og etter 34 min blir Vegard felt som siste mann. Raudt kort til Ølen og frispark på 17 meter til oss.  Jonas gjer som han pleier med slike frispark; rett opp i krysset; 2-1 til Skjold!!

Kun 4 minutt er gått når neste mål kjem.  Daniel legg inn til Vegard (nydelig innlegg!) og Vegard treng berre kontrollere den i mål; 3-1!!!

Ølen ypper seg litt på slutten av 2.omgang, men skotet fiker Eivind flott over tverrligger. 

Pause.

Etter pause er det Skjold som har full kontroll.  Dei har god kontroll bakover og heldt Ølen-keeperen varm framover. Kun etter 5 min i 2.omgang set Mandius inn 4-1 med nok ei flott scoring!  2 min etterpå er det Daniel som fyrer laus frå 25m, og tru det eller ei; eit nydeleg mål!!! 5-1 til Skjold. Men Mandius vil ha tre mål i dag, og det får han. Nok eit flott mål av guten.