Vårdugnad 10.april kl.17:00
Forfatter: Eli Torpe-Rullestad
08. april 2014
Her er arbeidsoppgåvene laga har fått. Les her!
Til foreldre/føresette til utøvarar i Skjold il.
No står ein ny fotballsesong føre oss med mange aktivitetar og mykje moro, både for små og store. Og for å lykkas med dette treng Skjold IL di hjelp!
Vårdugnad torsdag 10.april frå kl.17:00.
Alle møter på plassen utanfor Skjoldhallen for info kl 17:00. Kjem du seinare går du dit du er satt opp. Har du barn på fleire lag blir du med der du trur du vil ha det kjekkast ;O)
Det som skal gjerast er å klargjere anlegget for sesongen. Me har delt oppgåvene inn i 5 hovedområder:
|
Oppgåver: |
Ansvarleg: |
Foresatte til: |
Utstyr de må ta med: |
|
Div. oppgaver: Trimrom: Reparere eit par av maskinene. Mål-Klokka på veggen-prøve å få til den. Rydde vekk bord/stoler frå klasserom. Rydde «loftet» klubbhus. Male døra bak hallen. Lage kaffe og steike vaffel til dugnadsfolka. |
Eli Torpe-Rullestad |
G7, J7 og G8 |
Har det me treng på huset |
|
Ute på stadion og klubbhus: Sette på plass benkar, rake, koste, rydde tribunene. Spyle plassen (brannslange ligg i billettboden og kummen er oppe på skulen sin uteplass). Rense takrenner. Vaske/gjere klart klubbhuset til maling. Klippe hekken fremfor tribune. Fjerne kratt og busker v/innbytterbuene ol. Rake, rydde bak hallen (ved ballrom og vegen bort til kunstgrasbana) Isolere tak |
Kåre Breiteig |
J8, J13, G14, G15, G16
|
Rive/rake, kost, trillebår, hagesaker, o.l |
|
Kunstgrasbana: Rake og rydde rundt kunstgrasbana. Ordne muren. Lime den øverste rekka. Rydde vekk busker og kratt på vestsida av kunsten mot Odd Grinde. Rydde og koste innbytterbuene. |
Dagfinn Bredal |
J9, G9, J10, G10, J11 |
Rive/rake, kost, trillebår, hekkesaks, øks. |
|
Kiosk kunstgrasbana: Rydde/vaske kiosk v/kunstgrasbana. Lage «trapp» opp til kioskvindauge (små barn når ikkje opp) |
Heidi Strand |
J 14 år |
Me har utstyr som trengst
|
|
Mål og merking: Bytte ut nett på dei måla som treng det. Gå over, evt.reperere nett som trengs det. Merke 3 stk 7’baner på kunstgraset + merke straffefelt på 9’bane.
|
Oddvar Hompland |
G11,G12, G13 |
Merkespray, kniv, tau og nett. Dette er i rommet innanfor ballbua. |
Viss du føler deg meir kompetent på ein anna "post" enn du er satt opp, blir du heller med der.
Når eit «hovedområde» er ferdig, hjelper de til der det trengs, ok? Laga i Straumen gjer vårdugnad på anlegget i Straumen.
Styret i Skjold IL oppfordrar alle til å vera positive til dette og stille opp på dugnad!
Med denne oppfordringa håpar styret i Skjold IL at alle tar ansvar for at alle som er med i
Skjold IL på ein eller anna måte får eit kjekt år saman.
Helsing
Skjold IL
v/ Eli Torpe-Rullestad
Sjåast!