[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorer

Det vart berre nesten for A-laget i kveld.

Forfatter: Eli Torpe-Rullestad

12. april 2013

Forside
News article image

Til pause leda Skjold 2-0, men Lura kom sterkt i 2.omgang. les meir

Desse starta for Skjold:

                                              Alexander Rossebø Alme

John Hettervik         Aleksander Nilsen                Tom André Hauge          Morten Bådsvik

                          Rune Lindanger                             Espen Helgeland

         Espen Standal Vaka            Are Søderlund               Morten Frøland             

                                                      Hilberg Nemeth

 

Reserve: Eivind Torpe Eidissen Rullestad, Christian Askeland, Bjørnar Hompland, Torgrim Nonslid Eriksen,  Daniel Aarås og Jonas Risanger.

 

Eit flott ver møtte oss på Lura stadion. Sol og varme, nesten som ein sommerdag. Kanskje det var det som gjorde at Skjold hadde ein knallstart på kampen.  Etter 1.min får Skjold frispark frå ca 20m, etter at Rune blir felt.  Espen H. tek det, og jada ei nydelig perle av eit skot oppe i krysset og 0-1!!!

Skjold var friske dei fyrste 20 min., men Lura var ikkje ufarlege dei heller. Men etter 26 min er det Are som kjem seg gjennom, sender ballen til Espen V., som fortsett «raidet» og til slutt set den flott i mål, 0-2!!!

41 minutt, og alle på Skjoldbenken trur det er straffe, etter at Espen V. blir riven over ende, men det blir kun hjørnespark og ingenting ut av det.

Lura har verkeleg vakna no, men Alexander gjer jobben sin godt og heldt nullen fram til pause.

Pause.

2.omgang starter friskt av begge lag, men det var Lura som etter 52 min set ballen i mål. 1-2.

Etter dette tok dei meir over, og det som stemte for Skjold i fyrste omgang, stemte ikkje no.

No vippa kampen fram og tilbake, spørsmålet var kven som kom til å sette det neste målet?  Uheldigvis for Skjold vart det Lura. Nok eit dødball-mål gjekk i nettet og stillinga er 2-2 etter 66.min

Det ser ut som kampen skal ende 2-2, men Lura har ein liten sluttspurt som Skjold ikkje har, og når 5 min gjennstår set dei inn 3-2.

Dei siste 5 min satsar Skjold alt framover, noko Lura utnyttar. I det 88.min set dei inn 4-2 og kampen er avgjort.

 

Skjold gjorde 3 bytter i løpet av kampen. Christian inn for Hilberg, Torgrim inn for Morten F. og Bjørnar inn for Espen H.

No har me møtt to gode lag. Laurdag 20.april er det Nord som venter på heimebane. Då er det seier og tre poeng som teller, elles blir det dugnadsjobbing heile veka etter……..

Det me må ta med oss i dag er det me gjorde i 1.omgang. Fleire gode prestasjonar av fleire av spillerane, og to fine mål.