[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorer

Skjold damelag spela uavgjort i siste treningskamp før seriestart

Forfatter: Cissel Røgelstad

15. april 2007

Fotball
News article image

Skjold damelag spela 4-4 mot Hald i ein treningskamp i Grinde i lørdag kveld(14.04).

Det var Hald som kom best i gong i denne kampen, og allereie etter ca 3 minutt tok dei leiinga etter ein corner. Etter dette jamna det seg ut, og Skjolddamene spela seg fram til fleire gode sjanser som med litt meir hell kunne blitt omsatt til mål. Skjolddamene hadde blant anna fleire gode cornerar som dei burde ha scora på. Derfor føltest det litt urettferdig då Hald gjekk opp til 2-0 rett før pause.

I andre omgang klarte Skjolddamene endelig å få mål etter ca 15 minutt. Det var Helene som sette ballen i mål etter ein fin pasning frå Malin. Etter dette hadde Hald sine sjansar, og gjekk opp til 3-1 på ein corner. Ikkje lenge etter auka dei leiinga til 4-1. Men nå virka det som Skjolddamene hadde bestemt at nok var nok. Dei satte inn ein skikkelig innspurt, og etter ca 75 minutt fekk Skjold corner. Den blei tatt av Helene, som la ballen på ”et fat” foran Malin som heada den flott i mål. Ikkje lenge etter fekk May-Linn eit kjempetreff nesten frå midtbanen. Ballen gjekk over keeper og i mål. Berre nokre minutt etter var samme dama på farten igjen, og frå hjørna av seksten meteren satt ho ballen nesten i krysset. Stillinga var 4-4, som og blei sluttresultatet.

Kampen sett under eitt så var dette eit rettferdig resultat. Skjolddamene kan vera godt fornøgde med kampen, når ein til tider spela med nesten berre 16-åringar. Det var fleire av 16-års jentene som kjempa og klarte seg veldig godt. Allereie nå ser ein at dei er blitt mykje tøffare i taklingane.

Denne kampen var siste gjennomkjøring før seriestart som startar på mandag 16.04. Det skal bli spennade å sjå korleis det kjem til å gå i serien.

Så til alle som har høve, møt opp og støtt Skjold sine damer mot Bryne på Grinde stadion mandag kveld kl 19.00.