For ein kamp !!!
Forfatter: Eli Torpe-Rullestad
08. mars 2013
Kvartfinala i vintercupen mellom Djerv1919 og Skjold endte 9-8!!
Troppen: Eivind T.E.Rullestad, Morten Bådsvik, Aleksander Nilsen ( K), Bjørnar Hompland, John Hettervik, Espen Helgeland, Rune Lindanger, Morten Frøland, Are Søderlund, Espen Vaka og Hilberg Nemeth
Res: 1 Alexander- 15 Jonas – 6 Sigbjørn – 18 Torgrim– 17 Daniel – 3 Victor
Som sagt så endte kampen 9-8 til Djerv etter 120 min spill og straffekonk. Veldig surt å ryke ut av vintercupen, men me gjorde det med stil!
Pause.
I 2.omgang er det Alexsander som skal vokte buret, og får forsåvidt ein roleg omgang. Men etter 50 min kjem Djerv seg igjennom og set ballen i mål. 2-2.
Etter dette overtek Skjold meir, men kjem ikkje til dei heilt store sjansane.
Me gjer eit bytte ut i omgangen - Jonas inn for John.
Kort oppsummert andre omgang; etter målet til Djerv hadde kvart lag sin muligheit med kvart sitt skot i tverrligger, ellers ikkje nokon klare målsjanser. Det ser ut til å gå mot ekstraomgangar.....
Der er 90 min gått og det skal no spelast 2x15min.
Dei fyrste 15 min; ingen mål, ingen store sjansar. Begge laga vil vinne dette!!! (kan hende det var nokre sjanser, men penn og papir er for lengst borte, så no blir resten av referatet skrive ut i fra hukommelsen ;O) Victor kjem inn for Hilberg (som har gjort ein kjempejobb i dag),
2.ekstraomgang er i gang. Fortsatt 2-2. Ser ut som det blir straffekonk.... Så 30 sek igjenn, Djerv kjem igjennom, og for min del ser det ut som Djerv-spilleren har opent mål - men utanfor!!!! Der bles dommeren - straffekonk!!!
Straffekonk:
Det er Skjold som starter. Me set dei 5 fyrste. Det same gjer Djerv. Skjold og Morten tek den 6. jada! Djerv gjer det same.... Så på den 7.straffa er Skjold uheldig og set den over. No må Djerv bomme - men den går i mål.
Så; snipp snapp snute, då var vintercup-eventyret ute......
Men ein god kamp av gutane våre. Neste utfordring er allereie tysdag med NM-kvalik heime mot Avaldsnes.