Bronse til J16 i årets Norway Cup
Forfatter: Cissel Røgelstad
05. august 2007
Skjold J16 klarte ein flott 3.plass i årets Norway Cup
I går ettermiddag fekk Skjoldjentene overlevert pokal og bronsemedaljar etter ein flott innsats i årets Norway Cup. Målet i år var å vinna, men å bli nummer tre av over 110 lag er ein kjempeflott prestasjon. GRAUTLERER JENTER!!
Cupen starta litt trott for jentene våre, og i dei to første kampane sleit dei med å få til spelet, men i den siste kampen i gruppespelet løysna det. I denne kampen spela dei godt, og slo finalelaget Fløya 2-1.
For tredje året på rad blei jentene puljevinnarar, og denne pulja viste seg å vera veldig sterk. Fløya kom til finalen i A-sluttspelet og Oppsal vann finalen i B-sluttspelet. Så det var sterkt å bli puljevinnar!
Så starta cup-spelet, og nå var det vinn eller forsvinn, og jentene klarte å spela seg heilt fram til semifinalen. Uheldigvis klarte dei ikkje å prestera sitt beste i denne kampen, og det var ein skuffa gjeng som gjekk av banen etter å ha tapt 1-0 mot Sunndal. For på ein god dag, så hadde det vore fullt mulig å ha vunne over dei.
Men me har ikkje lov å vera misfornøgde med ein tredje plass i Norway Cup. Det er ein sterk prestasjon som jentene kan vera stolte av.
Til slutt; Ein stor takk til alle engasjerte foreldre og andre som heia jentene våre fram til denne flotte plasseringa!
Til slutt ein liten opplysning:
Av 16 jenter så hadde 12 av jentene foreldra til stades. Det er berre imponerande. Så takk kjære foreldre at de stiller opp, det er KJEMPEBRA. Så får me håpa at me kan reise til Norway Cup neste år og. Kanskje me kan vinne då ??
Kampresultat i puljespelet:
Oppsal - Skjold 1-3
Gullvikmoen - Skjold 1-1
Skjold - Fløya 2-1
32-delsfinalen
Skjold - Kongsberg 2-0
16-delsfinalen
Skjold - Alvda/Foldal 1-2
8-delsfinalen
Skjold - R&Å/Haga/Hvam 3-0
4-delsfinalen
Skjold - Grei 1-0
Semifinalen
Skjold - Sunndal 1-0
Bak fra venstre:
Cissel,Ida,Maria;Ingebjørg,Elisabeth,Cecilie,Malin,May-Linn,Ida L,Solin,Marthe,Svanhild og Viggo
Framme fra venstre:
Janne-Iren,Iselin,Ragni,Helene og Anja