[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorer

Skjold vant enkelt over Nord i dag.

Forfatter: Eli Torpe-Rullestad

20. april 2013

Forside
News article image

Kampen endte 2-0 til Skjold, men seieren kunne ha vore mykje større. Les meir..

Laget:

22 Andreas Bauer Nyland Jacobsen, Keeper

5 Aleksander Nilsen, Forsvar K

7 Morten Bådsvik, Forsvar

11 John Hettervik, Forsvar

15 Tom André Hauge, Forsvar

8 Espen Helgeland, Midtbane

10 Are Søderlund, Midtbane

16 Hilberg Nemeth, Midtbane

20 Rune Lindanger, Midtbane

2 Espen Standal Vaka, Angrep

9 Christian Askeland, Angrep

77 Eivind Torpe Eidissen Rullestad, R.keep

6 Sigbjørn Tysvær, Reserve

18 Torgrim Nonslid Eriksen, Reserve

19 Bjørnar Hompland, Reserve

30 Håkon Andre Waage, Reserve

 

Dei fyrste 45 hadde Skjold fleire sjansar til å sette ballen i mål, men ein god keeper i Nord-målet og litt "uflaks" hjå Skjoldspelerane gjorde at det fortsatt stod 0-0 til pause. Nord på si sida hadde ikkje ein einaste skikkeleg målsjanse i 1.omgang.

Litt sjokolade i pausa gjorde sitt, for det gjekk kun 12 min ut i 2.omgang før det fyrste målet kom.  Det var Espen H som la inn framfor mål, keeper er utspelt og Christian gjer det han skal - nikkar ballen i opent mål og 1-0 til heimelaget! 

Fire minutt seinare blir Are felt på 17 meter.  Espen H går fram og skal ta frisparket, blir det ei reprise av målet han laga mot Lura?  Jada, rett i mål. 2-0!!

Det kunne blitt, og kanskje burde blitt, fleire mål til Skjold. Men i dag er me særs nøgd med våre fyrste 3 poeng i serien. Fredag reiser laget til Ølen for 3 nye poeng, noko som absolutt bør vere eit mål etter dagens kamp.

Mange gode på Skjold i dag. Espen H. vart kåra til Skjold sin beste.  Men og eit ekstra pluss til Tom Andre, som nok ei gong gjorde ein solid jobb bak i forsvaret.

Skjold gjorde fire bytter i løpet av kampen: Sigbjørn inn for Hilberg, Bjørnar inn for John, Håkon Andre inn for Morten B og Torgrim inn for Rune.

Juniorane våre fekk "fri" i dag, for i morgon skal dei ut i sin viktigaste kamp så langt i år. Jonas, Daniel, Eivind, Victor & co møter Vard Haugesund til NM-kamp i Grinde kl.14:00.