[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorer

"Straffedrama" i Grinde når Skjold jr gjekk vidare i NM-kvaliken.

Forfatter: Eli Torpe-Rullestad

11. mars 2014

Forside
News article image

Etter 85.min leia Haugar 3-1 over heimelaget, men alt vart snudd dei siste 7 minutta. Les meir her!

Skjold tok i mot Haugar til fyrste NM-kvalik i Grinde i kveld. Haugar tok leiinga 1-0, men Skjold svarte rett etter og satte inn 1-1 (Sindre Herland). Ikkje dei heilt store sjansane i fyrste omgang, men ein jevn og tett kamp.

I 2.omgang er det Haugar som startar best og set inn mål nr 2, ikkje lenge etter får dei straffe og plutselig leier Haugar 3-1.

Med ca 5 min att av ordinær tid tek Skjold-gutane tak i kampen og set inn 2-3 målet (Mats Steinsland). På overtid gjer dei det utrulige; dei scorer det 3.målet (Håvard Larsen) og stillinga er 3-3.

Ekstraomganer - ingen mål.................... Så er det klart for straffekonk. Haugar begynner, 1-0. Skjold sin tur, 1-1 og slik fortset det gjennom 10 straffer (veldig mange bra straffer av begge laga!) Så er det Haugar si straffe nr 6. Han skyt, heilt til høgre i mål og Eivind er flott nede og reddar! No er det Ali sin tur, tek kort fart, skyt, og jada - ei perfekt straffe. Skjold vinn kampen og er vidare i NM.

Sander Hettervik, Jonas Staurland, Vebjørn Rullestad, Håvard Larsen og Håkon Bådsvik var dei som scora på straffene i tillegg til Ali (litt usikker om dette stemmer, vart litt "oppglødd" på slutten der.)

Tysdag er det klart for semifinale i vintercupen for gutane. Kven dei møter der vil bli avgjort i løpet av kvelden.