Vard vant NM-kampen 3-0.
Forfatter: Eli Torpe-Rullestad
21. april 2013
Men juniorane våre gav dei god kamp. Les meir...
Nydelig sommarver gjorde at ramma rundt kampen var den beste. Litt mykje vind gjorde sitt og prega spesielt fyrste del av kampen, men ikkje meir enn at gutana takla det.
Så kampen; Vard var best i dag, det må me innrømme. Men dei hadde og vinden på si side.
Mål 1 kom etter 5 minutt. Frispark frå 17 m., eit flott skot og medvind gjer at det blir vanskelig for keeper. Men Eivind får såvidt slått den vekk frå målet, desverre for Skjold er det ein Vardspelar som er på returen og 0-1.
Mandius hadde ein god sjanse etter det, men skotet blir redda av keeper og hjørnespark til Skjold. Ingenting ut av det.
Det mangla litt på dei store målsjansane, og ingen av laga klarte heilt å sette presset. Kampen er forsåvidt heilt open, men så er det Vard som i det 37. minutt lurer forsvaret vårt trill rundt, og set ballen i mål frå 5 meter.
Det skjer ikkje så mykje meir i 1.omgang og fortsatt 0-2 til pause.
Skjold kjem seg høgare opp på bana i 2.omgang, men det er Vard som har spelet. Og det går 65 min før Vard set inn sitt tredje mål. Ein liten feil i forsvaret til Skjold og Vard utnytta det med ei gong. Vardspilleren er plutselig heilt aleine med keeper, 3 meter frå mål - skyt og 0-3.
Skjold ga seg ikkje, og prøvde hardt. Men Vard var god i forsvar og slapp ikkje Skjold igjennom. Vard hadde eit par gode sjansar til, men det rydda Skjold flott opp i.
Vard vart eit lite hakk for store, men forskjellen frå elite til 1.div var ikkje større enn at gutane våre kan nå dit i løpet av sesongen.