Tysvær håndballcup
Forfatter: Eli Torpe-Rullestad
06. mai 2014
35 lag, 57 kampar i løpet av 1.mai. Les meir...
Årets samarbeidscup mellom Stegaberg, Falkeid og Skjold vart ein cup som gjekk på "skinner"!
Me starta kl 9:00 med 4 kampar parallellt det meste av dagen i Sysco arena. Ingen forsinkelsar, alle lag på plass når dei skulle, flinke dommerar og dugnadsfolk gjorde dette til ein super dag!
Når klokka tikka mot 19:00 var siste finale over, men då var det og spelt 57 kampar!
Det var sluttspel for dei eldste klassane, der vinnerane fekk med seg gavekort frå Macron på 700kr. To'erane fekk og gavekort på 300kr frå Macron.
Alle deltakerane fekk sjølvsagt medalje, noko mange syns var stas.
Det var to lag frå Skjold som deltok. Det var jenter 11år og jenter 12år. Får håpe at fleire av våre lag kan stille sterkare neste gong me arrangerer cup!
Her er 11års laget til Skjold frå årets serie.