[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorer

Fredag er det klart for fyrste kamp i Macron vintercup for A-laget.

Forfatter: Eli Torpe-Rullestad

06. februar 2014

Forside
News article image

Kl.19:00 er A-laget i gang. Etne er fyrste motstander i Grinde. Les meir her.

Eit "nytt" Skjoldlag har starta godt med 3 gode treningskampar. Laget har bytta ut 5 spillere frå i fjor haust, men har beholdt ei god stamme med erfarne spillere som Torleif, Christian, John og Bjørnar. Vi har og ein del unge, lovande spillere som har spilt nokre år på A-laget som Brian, Hilberg, Morten og Torgrim. Inn har det kome ein del 3.års juniorar (ein del var og med i fjor) Jonas, Daniel, Eivind, Vegard og Halvor og nokre unggutar som Sander, Sondre, Berge og Håkon. I tillegg er Christian B, Oddbjørn og Magnus "nye" spillere i troppen. Aleksander og Knut Eirik er 1.årsseniorar frå eigen "stall"

Eit spennande lag som er betre fysisk trent enn på lenge. Slik ser troppen 2014 ut:

Aleksander Gundersen
Berge Ohm
Bjørnar Hompland
Brian Risanger
Christian Askeland
Christian Bredal
Daniel Aarås
Eivind Torpe Eidissen Rullestad
Halvor Hansen
Hilberg Nemeth
Håkon Bådsvik
John Hettervik
Jonas Risanger
Knut Eirik Kringeland
Magnus Samuelsen
Morten Bådsvik
Oddbjørn Halvorsen
Sander Hettervik
Sondre Bådsvik
Torgrim Nonslid Eriksen
Torleif Rullestad
Vegard Steinsland

Ellers ser det ut som det er Morten Bådsvik som blir kaptein på årets Skjoldlag (han har vore det i kampane så langt).

Nokre skader har me diverre. Christian og Torgrim har vore ute ei stund, men er på betringens veg. Hilberg slit og litt, men håper han er klar til fredag.

Til slutt; møt opp på Grinde kunstgras fredag kl.19:00. Viss du ikkje har høve til det, vil du finne eit glimrande referat her på heimesida vår fredagskveld ;)